Dag og Tid

By LARS MOSSEFINN

Klaus Ellerhusen Holm samla for knapt eit år sidan ein kvintett i Kolbotn kyrkje og spela inn ni låtar av kapellmeisteren som kan karakteriserast som musikalsk kjemi på roteloftet. (Eg vil insistera på at dette skal takast som ein kompliment.) Uttrykket til Ærlege John har lånt frå ymse hald, men ein særleg tydeleg raud tråd er inspirasjonen frå nederlandsk frijazz slik han har kome til uttrykk gjennom orkestret ICP og musikalsk omland, men Holm har også late seg inspirera av samtidskomponistar som Webern og Sciarrino.

AKUSTISK
Musikken er gjennomført akustisk. (Det er dei akustiske kvalitetane ved el-gitaren til Johannesen som er i fokus.) Låtane har stadig innslag av solo-, duoog trioparti, og bruken av klarinett og banjo gjev musikken eit transparent kammermusikalsk preg. Musikken har til tider ei hypnotiserande tilbakelent ro, og sjølv i dei meir komplekse partia vert aldri uttrykket overlest.

SOLISTISK
Klaus Ellerhusen Holm bidreg naturleg nok solistisk, men det er spesielt hyggjeleg å oppleva Ole-Henrik Moe fleire stader, mellom anna i «Mimolette» og introen på «Happy Guigue». Den viktigaste kvaliteten ved CD-en er likevel det tillitsfulle samspelet.
Dette samspelet er gjennomgåande supert, men når ein topp i «Rackette/ Hollandsk Calypso»

LARS MOSSEFINN
Lars Mossefinn er frilans kulturarbeidar
og fast jazzmeldar